Stikka og saga. To løyndenemningar for geita
(Håløygminne 2003, s. 318)

Mange kjenner sikkert til at fiskarane før i tida unngjekk å nemne geita og ein del andre husdyr og klodyr når dei var i båt (sjå Solheim 1940: 58 ff.). Når det gjeld geita, har vi opplysningar om dette frå midten av 1700-talet, frå Karmøy (Leem) og Sunnmøre (Strøm. Sjå ibid.). Fleire av desse nemningane er ”gjennomsiktige”: krokhornan , frå Hadsel i Vesterålen (Solheim 1940: 67), og hornkløv (ibid). Den vanlegaste nemninga, hornskòra , er ikkje umiddelbart forståeleg. Magnus Olsen (1955: 62-63) forklarer ho ut frå ”skora f. ”Skure, Skaar, Indsnit”, f. Eks. på stangvekt, [og] skora v. ”sette merke (for et visst tall)”. Han viser til uttrykket ”skora paa Horni” hos Aasen, som tyder ”vise Tegn til Alderdom (egentl. om Gjeder, som med Alderen faae flere Skurer paa Hornene).” Hornskòra medar altså på skòrene i horna på geita, ho ”har horn som er eiendommelige ved ’skorur’” (ibid). Nemninga skòrhorn (Solheim 1940:67) kan forklarast på same måten, og det kan òg skòre, som er brukt på Nordmøre og i Nord-Trøndelag, der om både vêr og geit (Ross 1971 [1895]). To andre løyndenemningar er stikka, som Leem etter Solheim (1940:67) har frå Karmøy, og saga, som Ross har frå Vesterålen. Eg kjenner ikkje til at nokon har forklart desse nemningane. Etter mi meining medar dei òg på skòrene i horna. Ei stikke er hos nordafjelske båtbyggarar ein liten målepinne som det er skòra hakk i med mål for bordbreidder og slikt (Eldjarn og Godal 1988-90 IV: 186). Frå ei slik skòrestikke er ikkje steget langt over til ei sag sett i profil, så da burde saga kunne forklarast på same måten. – Saga kunne òg brukast utanfor båten, slik at folk snakka om sagskinn og sagskjel (Ross, under flugs). – Det ser ut til at alle løyndenemningane for geita gjeld horna. Det er kanskje noko overraskande, sidan geita saktens har andre særmerke.

Litteratur:

Eldjarn, Gunnar og Jon Godal, 1990: Nordlandsbåten og Åfjordsbåten IV. Dei gamle forsto mykje 1. Rissa: Båtstikka D/A

Olsen, Magnus, 1955: ”Gáreksey og andre orknøske stedsnavn.” Maal og minne.

Ross, Hans, 1971: Norsk ordbog. Tillæg til ”Norsk Ordbog” af Ivar Aasen. Opptrykk av fyrsteutgåva frå 1895. Oslo: Universitetsforlaget

Solheim, Svale, 1940: Nemningsfordomar ved fiske. Oslo: Det norske videnskaps-akademi

Aasen, Ivar, 1983: Norsk Ordbog. Sjette Udgave. Fotografisk opptrykk av 1873-utgåva. Oslo: Fonna forlag