Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema i podkasten er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg som står bak, er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com
Sidan august 2024 har det vore over 5000 avspelingar / nedlastingar i månaden.
Det er allmenn publisering på torsdagar, med høve til å betala for tidleg tilgang på sundagar, altså 4 dagar før. Eg gjer denne endringa fordi eg må ha meir stabile inntekter til frikjøp frå anna arbeid for å kunne halde podkasten gåande.
Det kostar frå 75 kr/mnd. Takk for at du støttar podkasten.
NB! Det er dyrare å betale på iPhone. Les meir her.
Om du ikkje ønskjer å bruke patreon, kan du donere ein valfri sum til vipps-nummer 859-645.