Klede frå Tru og meining i gammal tid

No kan du kjøpe t-skjorter med logo frå podkasten min, Tru og meining i gammal tid.


Publisert 7.12.2023

Vi sel t-skjorter i to variantar, og i mange ulike fargar. Den eine varianten har tekst og bilete på forsida. Den andre har kun tekst på forsida, og bilete på baksida. T-skjortene kjem i eit sett med mørke og eit sett med lyse variantar. 


Lyst eller mørkt stoff?

T-skjortene finst i både mørkt og lyst stoff. Ettersom designet er skrive ut rett på stoffet, blir det betre kvalitet på biletet med dei lyse enn dei mørke t-skjortene. Her ser du skilnaden:

Biletet til venstre/oppe er skrive ut på ei svart t-skjorte, og biletet til høgre/nede på ei som er beige. Når ein skriv ut på eit stoff som er lyst frå før, blir trykket også lysare. På dei mørke t-skjortene, derimot, må det skrivast ut eit kvitt lag fyrst, før fargane kan skrivast ut oppå. Dette gjer at kontrasten er ein god del betre på dei lyse enn dei mørke t-skjortene. I tillegg kjem detaljane tydelegare fram, sjå til dømes forskjellen på hammaren til Tor. Du får bestemme kva farge du likar best, men for best mogeleg biletkvalitet bør du velja lyst stoff.


Toll?

Det er ingen skjulte gebyr når du handlar i nettbutikken. Norsk MVA blir automatisk betalt, og dermed slepp du fortollingsgebyr. Leverandøren vår er med i VOEC-ordninga, som du kan lese meir om her


Leveringstid?

T-skjortene blir produsert for kvar bestilling som kjem inn. Trykkeriet er i Latvia. For oss tok det drygt to veker frå bestilling til levering i Bergen. Vi tillet kun sending til Noreg, dessverre. 


Klar til å bestille?

Gå inn på https://truogmeining.company.site/products/