Podkasten Tru og meining i gammal tid

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi snakkar særleg om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Annankvar gong legg eg fram stoff, annankvar gong samtalar eg med andre forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene.


Ny episode har kome dei fleste sundagar frå 4. september 2022, på https://kite.link/tru-og-meining-i-gammal-tid. Per 10.01.2023 er det rundt 800 avspelingar i veka .