Seid-seansen i Eiriksoga

Her har eg omsett skildringa av seid-seansen på Herjolvsnes i Eiriksoga så nøyaktig som råd, med gransking av seid i tankane. Standardomsettingane er ikkje gjorde med tanke på detaljgransking. Teksten følgjer Eiríks saga rauða i Eyrbyggja saga, Íslenzk fornrit 4, utg. Matthías Þórdarson, 1935, s. 206-09. Omsettinga gjorde eg til kurset i norrøn trolldom som eg hadde ved Universitetet i Bergen hausten 2006. Bruk ho gjerne, men oppgjev kjelde: http://www.uib.no/People/hnoeh/.

’På denne tida var det stort uår på Grønland. Dei som hadde vore på fangst og fiske hadde fått lite, og somme var ikkje attkomne. Det var ei kvinne der i bygda som var spåkone [spákona] og vart kalla Veslevolva. Ho hadde hatt ni systrer, alle spåkoner, men no var berre ho i live. Om vintrane brukte ho å fara ikring på gjesting. Dei som bad henne heim var særleg dei som var nyfikne på å få veta lagnaden sin eller åringen [= avkastning av jordbruk, fiske og fangst]. Fordi Torkjell var den største bonden der ikring, var det helst han som måtte finna ut kva tid uåret som stod på skulle ta slutt. Torkjell baud spåkona heim, og ho vart teken vél imot, slik skikken var når ein skulle ta imot slike kvinner. Dei stelte til høgsete for henne og la under henne pute; i den skulle det vera hønsefjør. Då ho kom om kvelden i lag med han som var send for å møta henne, var ho slik kledd at ho hadde på seg ei blå snørekappe, prydd med [edel]steinar heilt ned til falden. Ikring halsen hadde ho glasperler. På hovudet bar ho ei svart lammeskinnshette fôra med kvitt katteskinn. I handa hadde ho ein stav med knapp på. Han var prydd med messing, og knappen var kanta med [edel]steinar. Ikring livet hadde ho eit knuskbelte, og på det hang det ein stor skinnpung. I den gøymde ho dei tinga [tofr = taufr] som ho trong til å få kunnskap [fróðleikr]. På føtene hadde ho skor av kalveskinn med pelsen på, og i dei var det lange reimar med store messingknappar i endane. På hendene hadde ho hanskar av katteskinn med kvit pels vend inn. Då ho kom inn, tykte alle dei burde ønskja henne velkommen med respektfulle ord. Ho tok imot det etter korleis ho tykte om folk. Torkjell bonde tok henne i handa og leidde henne til det setet som var stelt til for henne. Torkjell bad henne augnefara folk og buskap og heim. Ho var fåmælt [sa lite] om alt. Om kvelden vart bord sette fram, og så er det å fortelja kva mat spåkona fekk. Dei koka ein graut til henne av geitemjølk, og så laga dei ein rett til henne av hjarte av allslags levande som fanst der. Ho hadde messingskei og kniv med skaft av kvalrosstann, med dobbel holk av koppar, og med avbroten odd. Då borda vart borne bort, gjekk Torkjell bonde fram føre Torbjørg og spurde kva ho tykte om garden og folkeskikken der, og kor snart ho fekk greie på det han hadde spurt om og som folk helst ville veta. Ho svara at ho ikkje kom til å seia noko før om morgonen, når ho hadde sove om natta. Men om morgonen, utpå dagen, fekk ho det utstyret ho trong til å gjera [fremja] seiden. Ho bad òg om å få kvinner som kunne det kvedet [frœði, eigentleg ’kunnskap’] som trongst til seiden og som heitte Varðlokur / Varðlokkur [variantar i handskriftene]. Men slike kvinner fanst ikkje. Då vart det undersøkt kringom på garden om nokon kunne kvedet. Gudrid sa då: ”Eg er verken trolldomskunnig eller noka spåkone [vísindakona], men Halldis, fostermor mi på Island, lærde meg eit kvede [kvæði] som ho kalla Varðlokur.” Torkjell sa: ”Då har du ein nyttig kunnskap.” Ho sa: ”Dette er eit slik føretak at eg ikkje vil hjelpa til, for eg er ei kristen kvinne.” Torbjørg sa: ”Det kunne vera at du vart til hjelp for folk med dette, og du vart ikkje noka dårlegare kvinne av det. Av Torkjell krev eg å få dei tinga som trengst.” Torkjell pressa no Gudrid, og ho sa ho skulle gjera som han ville. Så slo kvinnene ring om hjellen [hjallr], og Torbjørg sat oppå. Gudrid kvad då kvedet så fagert og godt at ingen av dei som var der tykte dei hadde høyrt eit kvede kvede med fagrare røyst. Spåkona takka henne for kvedet og sa at mange vesen [náttúrur] no hadde komme dit som før hadde vendt henne ryggen og ikkje ville lyda henne; dei tykte det var fagert å høyra kvedet så godt framført. ”Og no ser eg lett mange ting som før var skjulte for meg, og mange andre ting. Det kan eg fortelja deg, Torkjell, at dette uåret kjem ikkje til å vara lenger enn i vinter. Til våren kjem åringen til å betra seg. Den farsótta som har gått no kjem til å gje seg med det fyrste. Deg, Gudrid, skal eg løna med det same for hjelpa du har gjeve meg. Din lagnad ser eg no tydeleg. Du kjem til å få eit framifrå gifte her på Grønland, men det blir ikkje langvarig, for du kjem til å fara til Island. Der kjem ei stor og god ætt frå deg, og over dine ættgreiner skin lysare strålar enn eg maktar å sjå nøye. Far no vel og sæl, dotter mi!” Så gjekk folk til spåkona [vísindakona], og kvar spurde om det han eller ho helst ville veta. Ho var god til å spå, det var lite som ikkje slo til av det ho sa. Sidan kom dei og henta henne frå ein annan gard, og ho fór dit. Då vart det sendt bod etter Torbjørn; han ville ikkje vera heime medan slik overtru [hindrvitni] stod på.

Vêret vart snart betre, slik Torbjørg hadde sagt.’

 

Eldar Heide

09.01.2007

Til hovudsida



Eldar Heide

Postdoktor
Senter for mellomalderstudiar (CMS)
Universitetet i Bergen
Postboks 7805
N-5020 Bergen
Besøksadresse: Villaveien 1a
Tlf. (+ 47) 55 58 80 86
E-post: eldar.heide(A)cms.uib.no

 


Oppretta 20.06.2006.
Sist oppdatert 31.10.2008 av E.H.
Kommentarar til denne sida.